Om julekonserten

 

Regi, manu og scenografi: Tore Nysæther

 

 

Få, om nokon, fenomen har inspirert komponistar og tekstforfattarar i så sterk grad som jula. Ja, det er ikkje ei overdriving å seie at sjølve juletradisjonen først og framst vert formidla og blir halde vedlike gjennom tonar og ord. Kva hadde jula vore utan songane som høyrer til? I spennet mellom ”Så går vi rundt om en enebær busk” og Bachs ”Juleoratorium”, vibrerer julefortellingene seg inn i ryggraden, og aller sterkast når musikken blir framført av pasjonerte kunstnarar som er begava med evna til å sette strengar i bevegelse i mottagelege sinn.

 

Tenorane er i ferd med å etablere seg som ein av landets framste songtrioar.

Repertoaret spenner frå Bach til Beatles, eller frå Puccini til Prøysen, alt formidla med stor musikalitet og humør. Gruppa består av Henrik Hundsnes, Hallvar Djupvik og Aasmund Kaldestad og den eminente pianisten Steffen Horn. No kastar dei seg over kjente og mindre kjente julesongar, i håp om å bidra til å drysse musikalskt glitter over julefeiringa.

 

I år er Hallvar Djupvik med oss på alle konsertar utanom i Trøndelag, der Ola Marius Ryan er sjølskreven!

 

Pressen har sagt:

"Som de begeistret"..."Det var så vakkert at vi fikk tårer i øynene" Namdalsavisa.

 

"Stemningsfullt og mektig"..."O Helga Natt traff publikum rett i hjerterota" Trønder-Avisa.

 

"Leverte ein glitrende julekonsert"..."Eit strålande nøgd publikum reiste seg og takka med trampeklapp" Bømlo-Nytt.

 

"Elegant, Stilfullt, proffe, stemmeprakt...Høstet ståande applaus fra en fullsatt Kultursal." Halden Arbeiderblad

 

"Pompøst, overveldande og Fabelaktig" Eit vanvittig show som førte til ståande applaus"... Steffen Horn briljerer med teknikk og pasjon på piano.” Bladet Sunnhordland.

 

"Tre Stilfulle Tenorer" “Gir meg gåsehud.” Terningkast 5, Haugesunds Avis.

 

"Leverte ein skikkeleg tenor-julekonsert. Den beste nokon gong" Terningkast 5. Tysvær Bygdablad.

 

"Humørfylt julekonsert" - Grenda Avisa

 

"Ein mektig oppleving" - Tysnesbladet