Om oss

Tenorane og Steffen Horn skapar stilfull humorfylt underholding.

 

Tre tenorar og pianist er grunnkonseptet, og Steffen, Aasmund og Henrik er kjernen. I 2018 er David med oss på showa, og Hallvar og Ola Marius er med på julekonserten.

Steffen Horn – Piano og diverse andre instrument

 

Er halvt tjekkisk og halvt haugesundar. Han har si utdanning frå Barrath Dues musikkinstitutt i Oslo med Jiri Hlinka som læremeister, og har kunne vore i verdseliten på piano visst det ikkje hadde vore for hans litt sære interesse for A4-liv og bilbransjen.

Steffen har, i motsetnad til Tenorane, vunne den prestisjetunge Smetana-prisen for sitt strålande pianospel. Han har også ei fortid som gitarist i bandet ”Gaus”, og trakterer også andre instrument som fele, ukulele, slagverk (evt søppelbøtte), munnspel, triangel og trekkspel. Her har han til gode å vinne prisar, men hans mange talent gjer at det blir mykje gøy rundt han både på og av scena. Me trur han kunne livnært seg både som resturantmusiker på fiolinen og barpianist, men så var det dette med A4-livet og bilbransjen igjen.

 

Henrik Hundsnes – Lys tenor

 

Er frå Skjoldastraumen i Tysvær, men bur på Nesodden. Han har gått si høgre utdanning på Norges musikkhøgskole og Conservatorium van Amsterdam. Men karriera begynte som vokalist i i bandet ”Me e ´kje adle bønder” (Ja, han er stolt bondeson)

 

Henrik har den lysaste stemma av oss. Ein litt tvilsom teori påstår at dette skuldas den lange og fagre halsen hans. Halsen pleier han med mykje søvn (han har eit usedvanleg godt sovehjarte), særeigne songøvingar, og diverse preparat (til dømes Plumbo (Ikkje å anbefale!), for å halde bakteriar og baseluskar så langt borte frå den som over hode mulig.

 

Henrik si interesse for tal, gjer også sitt til at økonomiansvaret i gruppa naturlig fell på hans stødige skuldrer.

 

 

Aasmund Kaldestad - Tenor

 

Er frå Stord, men bur i Halden. Utdanninga tok han på musikkonservatoriet i Stavanger og The Royal Academy of Music i London, der han studerte tidlegmusikk og lieder-tradisjon.

 

Ganske raskt etter studiene, i byrjinga av 2000-talet, rota han seg inn i musikalar og show og blei der. Han var med å starte Nordic Tenors i 2003, og vann med dei Komiprisen i 2006 for beste nykommar. Men han har også gjort suksess som hunden Tutt i forestillinga Herbjørns verden. Kanskje ikkje så rart, sidan fleire av hans beste og dårlegast eigenskapar kan beskrive ein triveleg hund: snill, entusiastisk, trufast, surrete og lett å avlede.

 

 

 

 

David Fielder – Operatenor

 

Er frå Järna i Sverige, men bur i Oslo. Og kan vel kallast ein ekte verdsmann, sett med våre auger: Far frå USA, mor frå Tyskland, vakse opp i Sverige og utdanna ved University of North Texas i Denton, Griegkademiet i Bergen og Operahøgskolen i Oslo.

 

Han har gjort over 50 roller innen musikal, operette og opera, på svensk, norsk, nynorsk, tysk, italiensk og engelsk. For tida syng David over det ganske land, i ulike konstellasjonar. Og i tillegg til å undervise i song på Musikkteaterhøyskolen, produserer han også opera med Femte Rad Produksjoner SA og er nestleiar i Norsk Operasangerforbund.

 

Hallvar Djuvik – Operatenor

Er frå Tomrefjord i Møre og Romsdal, men bur i Oslo. Han er utdanna frå konservatoriet i Kristiansand og Operaakademiet i København.

 

 

Hans lune og sjarmerande vesen har delteke som aktør innanfor forskjellige musikalske genrar, med hovudvekt på klassisk musikk og opera. Men han er også ein drivande dyktig gitarist, i band som Tomra pjolter - og salmesangforening og Horse with no name.

 

I tillegg til å synge med oss, har du muligens sett han nekte å forlate Burns café, eller syngande i seine nattetimar på Lorry restaurant, eller som ein del av Polkabjørn og Kleine Heine, og blant Reza e i Ragazzi.

 

 

Ola Marius Ryan – Operatenor